Tre gardar i Vats, eitt foredlingslokale
Sommaren 2006 bestemte tre sauebønder i Vats seg for å foredle sitt eige lam sjølve. Det har me gjort sidan.

Frå fjellbeite til ferdig vare
Alle dyra kjem frå gardane våre i Vats, og dei beiter ute i Bergsjøområdet heile sommaren. Slaktinga skjer hos Nortura på Gol. Mørning, salting, tørking og pakking gjer me sjølve i Vats.
Me bruker lite salt og lang tørketid. Vats har eit tørt klima som høver godt til spekemat.
Me leverer pinnekjøt til jul, spekemat til våren og ferskt lam om hausten.
Bøndene

Jan Ole Hovdegard
Dagleg leiar. Driv garden Nordre Hovdegard med gammalnorsk spælsau.

Einar Ådnegard
Driv garden Arnegardhaugen.

Lars Ivar Brattegard
Driv garden Nedre Brattegard med kvit spælsau.
Utkast: Namn, gardar og roller er henta frå den gamle nettsida og må stadfestast. Filmen nemner òg Jacques Meijers i produksjonen.

Ring eller skriv til oss
Telefon: 954 67 688
E-post: post@vatsgardsmat.no
Nordbygdvegen 1736, 3570 Ål



















