Eit år med sau, frå haust til haust

Hallingcast følgde oss gjennom eit heilt år. Her er året i ti kapittel, med bilete, tekst og film.

«Frå fjell til fat – livet på Vats Gardsmat». Heile filmen, 23:44. Filmen blir henta frå Vimeo når du trykkjer.

Sauesank

September

Første helga i september reiser me til fjells og samlar sauene i Bergsjøområdet. Der har dei beita fritt heile sommaren. Så blir flokken driven heim til Vats og sleppt på heimebeite.

Flokken blir samla i fjellet
Flokken blir samla. Bergsjøområdet, september. Foto: Jan Ole Hovdegard
Tre sauer ved ein stein
Gammalnorsk spælsau på fjellbeite. Foto: Jan Ole Hovdegard

Kapittel 01 av filmen «Frå fjell til fat».

Sortering

September–oktober

Heime blir kvart lam vege, og lam og søyer blir skilde. Dei som er tunge nok, går til slakt. Dei lette får det beste beitet og blir slakta utover hausten. Dei aller minste blir fôra vidare og leverte som påskelam.

Vekt som heng i fjøset
Kvart lam blir vege.
Hand som noterer i ei bok
Vekta blir ført inn for hand.

Kapittel 02 av filmen «Frå fjell til fat».

Foredling

November

Slaktet kjem tilbake frå Nortura på Gol. I Vats blir kjøtet mørna, salta og hengt til tørk. Me bruker lite salt og lang tørketid. Det tørre klimaet i Vats gjer resten.

Lammelår som heng til tørk under taket
Lår og sider heng til tørk i Vats. Bilete frå filmen.

Kapittel 03 av filmen «Frå fjell til fat».

Marknad

September–desember

Me sel sjølve på Bondens marknad i Oslo, på Bærums Verk og i Drammen. Der møter me kundane våre og lèt dei smake før dei kjøper.

Kniv som skjer tynne skiver av eit fenalår
Smaksprøver av fenalår. Bærums Verk, desember.
Spekepølser og fenalår på eit bord
Spekepølser og fenalår på bordet.

Kapittel 04 av filmen «Frå fjell til fat».

Produksjon

Desember

I produksjonslokalet blir lammet partert, skore og pakka. Frå mørning til pakking skjer alt i Vats.

Hender som legg ei lammeside på ein stålbenk
Sidene blir skorne til pinnekjøt. Bilete frå filmen.
Kniv og lammekjøt på ein benk
Partering. Bilete frå filmen.

Kapittel 05 av filmen «Frå fjell til fat».

Klypping

April

Sauene blir klypte i april, nokre veker før lamminga.

Ein ver med store horn i fjøset
Ver i fjøset, april.
Ein mann klypper ein sau
Klypping.

Kapittel 06 av filmen «Frå fjell til fat».

Lamming

Mai

I mai kjem lamma. Kvart lam blir merkt og vege. Lam som treng det, får mjølk på flaske.

Tre lam ser mot kameraet i fjøset
Lam i fjøset, mai.

Kapittel 07 av filmen «Frå fjell til fat».

Slått

Juni

I slutten av juni blir graset slått. Det skal bli vinterfôr til sauene.

Blå traktor med slåmaskin i ei grøn li
Slått i Vats, juni.

Kapittel 08 av filmen «Frå fjell til fat».

Buføring

Juni

I slutten av juni blir søyer og lam førte til fjells. Der beiter dei i Bergsjøområdet til september.

Søye og lam kviler i graset
Kvile før turen til fjells.
Ein sau ser rett i kameraet
Spælsau, juni.

Kapittel 09 av filmen «Frå fjell til fat».

Sommar

Juli

I juli er sauene på fjellet. I filmen heiter kapittelet «Kreativ kvalitetstid».

Ei kvinne sit med teikneblokk og ser utover eit beite
Juli i Vats.

Kapittel 10 av filmen «Frå fjell til fat».

Maten frå dette året

Lamma du har sett her, blir til pinnekjøt, fenalår og ferskt lam.